Her ligg artiklar og anna eg har skrive opp gjennom åra, sjå under Tekstar. Mykje ligg ute i fulltekst. Det meste er fagtekstar, men her er òg nokre politiske tekstar, særleg om målpolitikk.
Eg har hatt ei fagstilling i historie ved Høgskulen på Vestlandet (tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane) sidan 2007, frå 2019 som professor (tilsettside).
For tida har eg permisjon frå stillinga etter at eg i oktober 2021 vart utnemnd til statssekretær for høgare utdanning og forsking i Kunnskapsdepartementet (tilsettside).